Joakim Nundal til Arendal

Sogndal Fotball og Arendal Fotball er samde om ein overgang for Joakim Nundal

Sogndal Fotball og Arendal Fotball er samde om ein overgang for Joakim Nundal. 2,5 år etter at han signerte sin fyrste proffkontrakt går vegen vidare for årdølen.

Joakim kom til oss frå Årdal i 2023 og skreiv proffkontrakt i august det året. Den fyrste avtalen strakk seg ut 2025, men i fjor vart den utvida til å gjelde ut 2026-sesongen. No byter han ut Fosshaugane Campus og Sogndal Fotball med Norac Stadion og Arendal. På tida i Sogndal fekk han 55 offisielle kampar for A-laget, og har også gjort ein viktig innsats for Sogndal 2 med 34 kampar i 3. og 4. divisjon. Eit slags gjennombrot kom på hausten i 2023 då han fekk debuten frå start og leverte scoring og gode prestasjonar mot både Hødd og Jerv på bortebane. I sesongane etter har lite speletid og skadar gjort det utfordrande, og no er målet å få fart på karriera i Arendal.

- Etter ei fin tid i Sogndal føler eg no det passar bra for min del å prøve noko nytt. Eg har hatt nokre fantastiske år med fine menneske som har satt sitt preg på meg både på og utanfor bana, fortel Joakim.

- Etter ein periode med litt mindre speletid, er det no tid for å prøva noko nytt. Eg har stortrivst i mine år i Sogndal og klubben vil alltid ha ein plass i mitt hjerte. Tusen takk til alle som som har vore der for meg i mi Sogndalstid og eg ønskjer dikka alle det beste og lykke til neste sesong. SNP!

Joakim har vore ein fantastisk spelar å ha i klubben, og har verkeleg vore ein av dei som byr på seg sjølv. Han har alltid stått for godt humør og energi, noko både klubb og supportarar set pris på. Sjølv i periodar med lite speletid og skadar har han stått på, og han er ein spelar med høg arbeidsmoral. Det er synd at han no reiser vidare, men me ønskjer han alt godt vidare i karriera.

Klubben har hatt god dialog med Joakim, og vorte samde om at det er best for utviklinga hans å få meir speletid i ein annan klubb. Arendal har vore ivrige på å sikre seg Joakim ved tidlegare høve, og no ønskte Joakim å ta denne moglegheita. Me ønskjer sjølvsagt masse lukke til, og gler oss til å følgje med i dei kommande sesongane!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: