Johan og Erik til topps i Sverige

Johannessen Bakke og Flataker debuterte på G17-landslaget, Gjerde Sætren skal på tur, og Sundberg har skåra mot Frankrike

- Dette er noko eg har jobba hardt for, seier Johan Johannessen Bakke, etter at han fekk debuten med det norske G17-landslaget mot Danmark i Sverige sist laurdag.

Med til 4-nasjonars turneringa var óg lagkamerat Erik Flataker, som skåra utlikningsmålet til 2-2 i finalen mot Belgia.

- No må me jobba på vidare her i klubb, og så får me sjå om me er med i uttaket til samlinga i oktober, seier Erik.



Toppspelarutviklar Rune Bolseth er stolt over karane, og av jobben som blir gjort i klubben.

- Det er veldig stas at me har to gutar på G17-landslaget, som no har fått verdifulle referansar når dei har spelt mot nokre av dei beste i Europa i sitt årskull, seier Bolli, som legg til at dette ikkje er dei einaste som er i aksjon med flagget på brystet.

I dag kom uttaket til G15-landslaget sin samling, og der er keepertalentet Daniel Gjerde Sætren med. Les meir om dette her: G15-landslagstropp til kampar mot Sverige

Også Mathias Sundberg har vore i aksjon, og den lovande sogndølen, som er på utlån i Øygarden, skåra mål då det norske U19-landslaget slo sjølvaste Frankrike med 2-1. Les meir om det her: Norge slo Frankrike: - Ein vanvittig innsats

Mathias Sundberg Landslag.jpg
Mathias Sundberg, her mot Romania i fjor (Foto: Rune Sjøberg)

 

Annonse fra Obos-ligaen: