Johan til Eliteserien

Johannessen Bakke er klar for Molde FK

Sogndal Fotball og Molde FK er samde om ein overgang for Johan Johannessen Bakke.

Sogndal Fotball hadde ein plan for Johan vidare, og eit sterkt ønske om å behalda han her. Molde ville ha han til seg, og Johan var med sin familie tydelege på at dei ville ta denne moglegheiten.

Klubben valde då å etterkomme dette ønsket. Johan kjem til ein klubb me kjenner godt frå før, og er trygge på at guten er sikra ei god utvikling vidare.

Johan har allereie slutta seg til sin nye nye klubb, og er med dei nye lagkameratane på treningsleir i Spania.

Johan er eit produkt av eige talent og godt arbeid i klubb. Han har gått gradene i Sogndal, helt frå Akademiet og miniputt, og opp til å bli ein spelar med mykje speletid på A-laget.

- Dette er eit nytt prov på det gode arbeidet som blir gjort i klubben med å dyrka fram gode fotballspelarar gjennom vår utviklingsavdeling, seier Håvard Flo.

Johan debuterte borte mot Strømmen i august 2020, og han står bokført med 27 kampar i A-lagstrøya. Han har óg spelt tre kampar for G17-landslaget.

- Johan utvikla seg veldig fint i den siste perioden, der han fekk mykje speletid på høgt nivå, seier Flo, som veldig gjerne ville sett Johan Johannessen Bakke i Kvitedrakta i fleire sesongar.

Me takkar Johan for innsatsen, og ønskjer han lukke til vidare i Molde!

Annonse fra Obos-ligaen: