Jon før kampen mot Kåffa

Tid for revansje

Jon Navarsete har kikka litt på morgondagens motstandar.

Oslolaget KFUM, eller Kåffa som dei gjerne kallar seg, var i si tid mest kjent som eit topplag i volleyball. Klubben har dei seinare åra også vore blant dei beste i futsal.

Klubben med tilhald på Elkebergsletta vart skipa i 1939.  Stadion er heller kummerleg, og klubben jobbar hardt for å byggja nytt stadion.

KFUM rykka opp i Obos-ligaen etter kvaliksiger mot Åsane i 2018. I fjor spela laget kvalifisering om opprykk til eliteserien, så laget er avgjort å rekna med.  To spissar verdt å halda auga med er duoen David Tavakoli og Alagie Sanyang, Tavakoli med åtte mål i årets sesong.              

1-4 var tungt å fordøya på KFUM Arena i Oslo i juli månad. No får me tru det er duka for revansje og ein ny siger for Sogndal. Det har butta i mot i det siste, men framleis er det 15 poeng å kjempa og ein eventuell kvalik, som vel er det realistiske målet no. Etter tapet for Lillestrøm kan det sjå ut til at dei saman med Tromsø kan bli vanskeleg å henta inn. Men haustinnspurt byr gjerne på drama og uventa resultat.

Litt meir historie om KFUM:

Jørgen Isnes er inne i sin femte sesong som trenar for oslolaget. Fleire kjende fotballnamn har aksla KFUM-drakta. Henning Berg, Espen Musæus, Carl-Erik Torp, Jonathan Parr og Daniel Fredheim Holm. På trenarsida har blant anna Dan Eggen, Esten Sæther og Eivind Arnevåg vore sentrale. Sistnemnde både som spelar og trenarar (187 mål)

Supporterklubben har det velklingande namnet «Profetane».

Så får me sjå om profetiet, eller bodskapen om siger og tre poeng for Sogndal slår til. Stao Pao. Det gjeld å ha trua.

Annonse fra Obos-ligaen: