Jónatan Ingi Jónsson har signert

Driblesterk kantspelar frå Island på plass i Saftbygda

Sogndal Fotball og den islandske klubben FH Hafnarfjörður er samde om ein overgang for Jónatan Ingi Jónsson (f. 15. mars 1999). Jónatan er kantspelar, og no har han signert ein kontrakt med Sogndal Fotball som strekkjer seg ut 2024-sesongen.

Jónatan er ein hyggeleg familiemann i tillegg til ein god fotballspelar. Sambuaren kjem frå Sagaøya i lag med dottera deira etter at ho er ferdig med eksamen i mai.

Håvard Flo er glad for at islendingen er i bygda, og han får møta sine nye lagkameratar i dag.

- Jónatan er ein offensiv og rask kantspelar som kan bekle begge kantposisjonane. Dette er ein kar som likar å utfordre motstandar med sin fart og sine dribleferdigheiter, seier Flo.

Den fotrappe islendingen har spelt på alle aldersbestemte landslaga i heimlandet, og har eit mål om at han ein dag skal ta på seg trøya på A-landslaget.

- No er fokuset mitt her i Sogndal. Eg håpar å hjelpa laget slik at me kan rykka opp, eg skal kjempa hardt om plassen på laget, og eg håpar eg kan skåra nokre mål, seier Jónatan.

Hörður Ingi Gunnarsson og Jónatan kjem frå same klubb på Island, og dette kan vera ein god link.

- Desse kjenner kvarandre godt i frå før, og har ein god relasjon både på og utanfor bana, seier Flo.

- Hörður og eg har kjent kvarandre godt og vore gode vener i femten år, og eg kjenner óg Valdimar Ingimundarson. Det er veldig kjekt at me no skal spela i lag her i Sogndal, seier islendingen, og legg til at han har høyrt mykje bra om stedet og klubben av desse to.

Jónatan har vore tilknytta akademiet til AZ Alkmar, og han har spelt i Europaligaen med FH Hafnarfjörður, som ligg på toppen av ligaen på Island.

- Me er særs glade for å få denne spelaren på plass, og gler oss til å sjå han i aksjon i kvitedrakta, avsluttar Håvard Flo.

Flo og Jónsson.jpg
Håvard Flo og Jónatan Ingi Jónsson

 

Annonse fra Obos-ligaen: