Jónatan Ingi Jónsson til Valur på Island

Sogndal Fotball og Valur er samde om ein permanent overgang for Jónatan Ingi Jónsson

Sogndal Fotball og Valur er samde om ein permanent overgang for Jónatan Ingi Jónsson, f. 15. mars 1999.

Jónatan kom til oss frå FH Hafnarfjörður i 2022. Gjennom to sesongar på Fosshaugadn har han vist oss sterke dribleferdigheiter, overblikk og ein god pasnings- og skuddfot. Debutsesongen ga 11 mål og 9 målgivande, medan han i fjoråret enda på 5 mål og 8 målgivande. No reiser Jónatan heim til Island.

Håvard seier dette om overgangen:

- Det er trist å selje Jónatan då han har vore ei markant fin brikke gjennom tida hans i Sogndal. Det var stor interesse for han i sommar, men me vart einige om å leggje ballen død og fokusere på hausten i Sogndal. Jónatan har vist eit klart ønskje om å kome heim og fortsette karriera si på Island, og no har me kome til einigheit med hovudstadslaget Valur. Ønsket om å reise heim til Island har også med personlege årsaker å gjere.

Jonatan takkar for tida i Sogndal:

- Tida mi i Sogndal har vore flott. Folka i bygda er fantastiske og både spelarar og støtteapparat har vore bra. Eg er veldig takksam for dei to siste åra, for støtta frå tribuna og alle dei gode minna. Eg ønskjer dykk masse lukke til i den komande sesongen!

Me takkar Jónatan for innsatsen og ønskjer han lukke til på Island!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: