Jonathan Flåtten har hatt arbeidsveke i Sogndal Fotball!

Jonathan Flåtten frå Vågå Ungdomsskule har hatt arbeidveke hjå oss i Sogndal Fotball!

Jonathan Flåtten går i 9. klasse på Vågå Ungdomsskule, og har hatt arbeidsveka si hjå oss i Sogndal Fotball. Her har han fått sjå korleis det er å jobbe i ein fotballklubb, og vore innom fleire av avdelingane våre i løpet av veka.

På måndag var han saman med A-laget og fekk sjå korleis trenarteamet gjennomfører ei treningsøkt med laget. Gjennom dagen fekk han sjå både førebuing til trening, treningsgjennomgang og sjølve treninga.

- Det er veldig spennande og lærerikt å få sjå korleis ting fungerer i ein så stor klubb som Sogndal, fortel Jonathan.

IMG_3918.JPG
Jonathan Flåtten saman med fysioterapeut Vegard Bjørklund

På tysdag var Jonathan saman med utviklingsavdelinga i klubben. Her fekk han sjå korleis ein jobbar med spelarutvikling i Sogndal Fotball. På kontoret var han med på møter, planlegging av trening og spelarlogistikk. Denne dagen var det også fotografering av alle i utviklingsavdelinga, og Jonathan var sjølvsagt med!

IMG_4125.JPG
Jonathan saman med utviklingsavdelinga!

På onsdag var det arrangementsmedarbeidar Ørjan Hjellhaug frå administrasjonen som tok med Jonathan på ein arbeidsdag. Det er mange ting som skal vere klart til søndagens heimekamp mot Egersund, og litt ekstra hjelp kjem godt med. I tillegg er det ikkje lenge til sommarens vakraste eventyr, Lerum Cup, og mange ting som skal førebuast. 

På torsdag fekk Jonathan vera med Nore Hjellhaug og driftsavdelinga for å sjå korleis dei jobbar med å halde vårt flotte anlegg i topp stand til ei kvar tid. Fosshaugane Campus er eit stort anlegg, og det er mykje som skal gjerast for at alt skal vera på stell til kampane. Rydding, vasking, montering og vedlikehald er berre noko av arbeidsoppgåvene i driftsavdelinga.

I dag har Jonathan vore tilbake på treningsfeltet med A-laget, og avslutta ei innhaldsrik veke der han starta. Me er glade for at Jonathan kom til oss for å ha arbeidsveke og håpar det har vore ei lærerik og kjekk veke her hjå oss. Sogndal Fotball er mykje meir enn berre fotballen, og me er stolte over å bidra til å utdanne og utvikle kvalitetar hjå folk som blir viktige seinare i arbeidslivet.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: