Jørgen Johnsen har forlenga

Keeperen er klar for ein ny sesong for Sogndal

Sogndal Fotball og Jørgen Johnsen er samde om å forlenga samarbeidet for eitt nytt år. Den nye avtalen trer i kraft 1/1 2023 og strekkjer seg fram til og med 31/12 2023.

Jørgen kom til Sogndal frå Vålerenga i oktober 2020. Han er ein bra mann i miljøet, står godt på og tek stadig nye steg som keeper.

- Etter nokre år med oss her i Sogndal, viser Jørgen ein flott utvikling. Han fekk debut frå start i OBOS-ligaen dette året og leverte ein god kamp, seier Håvard Flo.

Flo og Johnsen
Flo og Johnsen

- Han er ein kjekke gut som er ein viktig del av keepergruppa, og me er veldig glade for at samarbeidet held fram, seier Flo.

Jørgen står med 16 aldersbestemte landskampar, og tjueåringen har funne seg godt til rette her i Sogndal. I år fekk han óg debut i OBOS-ligaen og stod ein veldig god kamp då me spelte 0-0 borte mot Kongsvinger.

- Eg ser fram til eit nytt år her i Sogndal, me har eit godt miljø her og det er fine folk i klubben. Eg er blitt glad i både bygda og klubben Sogndal, seier Jørgen.
 

Jørgen gler seg til eit nytt år i Saftbygda
Jørgen gler seg til eit nytt år i Saftbygda

Nøtterøy-guten ser fram til vidare utvikling i lag med keepergruppa.

- Geir, Renze og Daniel er bra folk, og eg trivst veldig godt i lag med dei, det er den beste gjengen, seier Jørgen.

Som ung keeper er Jørgen offensiv om framtida.

- Eg vil bli den beste utgåva av meg sjølv, slik at eg om nokre år får spela fotball på topp nivå der eg må prestera godt kvar kamp, avsluttar Jørgen Johnsen.

Me gler oss til eit nytt år i lag med Jørgen.

Jørgena1.jpg

 

Annonse fra Obos-ligaen: