Jubileumskamp mot Kongsvinger i oktober

Bli med på jubileumsmarkering på Fosshaugane Campus!

Søndag 25. oktober inviterer me til ein innhaldsrik fotballdag når me markerer jubileumsåret til Sogndal Fotball på Fosshaugane Campus.

Det blir fanzone, underhaldning, aktivitetar og sjølvsagt fotballkampar gjennom dagen. A-laget vil spele kampen i ei spesiallaga jubileumsdrakt.

  • Kl. 13.00: Sogndal FK Damer – Fana (Serieavslutning)
  • Kl. 17.00: Sogndal – Kongsvinger (OBOS-ligaen)

I 2026 markerer me 100 år med Sogndal IL og 50 år samanhengande i norsk toppfotball – ein prestasjon berre sju andre klubbar i landet kan vise til.

Ta med familie, venner og gode naboar og bli med på ein fotballdag med ein ekstra ramme! 

📢 Meir informasjon om program og aktivitetar kjem snart!

Annonse fra Obos-ligaen: