JUNIORSVINGEN

Juniorsvingen er vår supportarklubb for dei yngste, og dei holder til i "svingen" ved sida av Saftkokaradn. Der er det tilpassa slik at borna kan vere på kamp på sine eigne premissar!

Juniorsvingen er avdelinga i Saftkokaradn for dei yngste! De har eit eige område på Familietribuna (felt S og T) 

Det er unummererte sitterplassar og med moglegheit til å stå, her får borna bevege seg under kampen - og kanskje det viktigaste: får stå som ein "ekte supportar"!

► Flagg og sanghefter: I Juniorsvingen får borna låne flagg og det blir delt ut sanghefter. Nokre gonger vil det og vere ansiktsmaling på feltet. A-lagsspelarane kjem bort etter kampslutt og helser på

► Løpe med flagg før avspark: For dei som ynskjer vil det vere mogleg å løpe med flagg inn på grasmatta og rundt midtsirkelseglet på Fosshaugane før avspark. Dei små supportarane må då vere på plass på feltet seinast 15 minutter før avspark

► Ta turen leikerommet vårt i Sparebank Norge-tribuna! Her blir det teikning, perling, brettspel og mykje moro.

► Me tilbyr gutar/jenter i alderen 6-13 år sesongkort for 500 kroner på Felt S,T,U og V.

► Primus motor, Tonje Norheim Tangerud, har skapt noko verkeleg flott med Juniorsvingen! Det er me både stolte av og takksame for.

2023-08-19 16.30.26.jpg
Syng saman med Saftkokaradn som står på tribuna rett ved siden av!

► Kampbillett:
Så lenge borna har kampbillett eller sesongkort kan dei vere med Juniorsvingen om de ønskjer

► Aldersgrense:
Barn som skal opphalde seg på Juniorsvingen må klare seg på eigenhand. Det vil vere vaktar tilstades på feltet som er med og aktiviserer borna og passar på at alt går fint føre seg

Inst i fjorden liggje ei bygd som e berre vaor, Her ha fienda prøvd seg i tusenvis ao aor, Men me ha staott i mot og slegest da me kan, I dag ska da kjempast pao ny, med vaore edleva mann!

— Mi e’ med

Juniorsvingen har ein eigen Facebook side der dei kjem med informasjon før kvar kamp, du finn den her

Me sjåast på kamp, STAO NO PAO!

2023-08-19 16.29.23-1.jpg
Her får borna moglegheit til å sosialisere med andre og ha det kjekt på kamp!

 

Annonse fra Obos-ligaen: