
Kalasfotball på Fosshaugane!
Det vart meksikansk hat-trick då Sogndal vann 6-1 i dag
Publikum fekk sjå eit leikent heimelag då Sogndal tok i mot Stjørdals-Blink i dag. Her er seks flotte skåringar!
Les om kampen i Sogn Avis
Heilt frå første spark på ballen i dag kunne ein sjå at karane i Kvitedrakta ville vinna denne kampen. Det var aldri tvil, og då Alejandro Diaz åpna skåringsbonanzaen etter 12 minutt kunne me merka at dette ikkje ville bli den siste skåringa for dagen.
Berre nokre minutt etter heada meksikanaren i stanga, og me hadde fleire gode målsjansar den neste perioden. Først i det 39. minuttet kunne me auka til 2-0, denne gang skåring etter eit korrekt idømt straffespark.
Etter kvilen yppa trøndarane seg med ei redusering, men berre ni minutt seinare kunne Alejandro jubla for sitt tredje mål for dagen. Isaac Twum utnytta deretter ein grov miss hjå bortelaget og skåra enkelt 4-1, medan Anders Johannesen Nord kunne jubla for skåring i det 81. minuttet av kampen.
Det har vore ei god veke for den lovande sogndølen. Han skåra fire mål då Sogndal 2 vann mot Jølster tidlegare i veka, og i dag spelte han ein strålande kamp som vart kruna med skåring ni minutt før full tid.
Les meir om Anders i Sogn Avis
Emanuel Grønner fekk avslutta skåringsfesten frå straffemerket, etter at han sjølv vart lagt i bakken like før slutt.
Les fyldig kampreferat på Firdaliven
Sogndal – Stjørdals-Blink 6–1 (2–0)
OBOS-ligaen, 27. serierunde, Fosshaugane Campus, søndag 9. oktober
Mål: 1–0 Alejandro Diaz 12. min, 2–0 Diaz 39. min, 2–1 Ivar Rønning 49. min, 3–1 Diaz 58. min, 4–1 Isaac Twum 75. min, 5–1 Anders Nord 81. min, 6–1 Emanuel Grønner 90. min
Gule kort: Andreas Pettersen, Stjørdals-Blink
Domar: Ajdin Medic, Trosvik IF
Tilskodarar: 1361
Sogndal (4–4–2): Daniel Gjerde Sætren – Andreas Hoven, Andreas van der Spa, Martin Ove Roseth (Philip Slørdahl frå 68.), Per-Egil Flo – Ulrik Mathisen (Sondre Ørjasæter frå 84.), Isaac Twum, Kristoffer Steinset (Jonatan Jonsson frå 78.), Anders Nord – Alejandro Diaz (Erik Grønner frå 78.), Valdimar Ingimundarson (Kristoffer Nessø frå 68.)