Kamp mot Odd

Her er laget

Me har hatt flotte dagar her nede i Spania.

Sola har gitt oss varme, energi og bra treningsvêr, banene har vore absolutt strøkne og det har vore god stemning og bra trøkk på treningsfeltet.

Me spelte veldig bra i ein time mot CSKA Moskva for nokre dagar sidan. Me er tidleg i oppkøyringsfasen, og det var mykje positivt å ta med seg frå den kampen.

I dag skal me treffa gamle kjenningar. Fagermo og Odd er her, og klokka 14.30 møtast me til treningskamp på Bane B her på La Manga.

I dag startar me med denne flotte gjengen:
Mathias Lønne Dyngeland - Eirik Birkelund, Per Magnus Steiring, Stefan Antonijevic, Tomas Totland - Sixten Jensen, Steffen Ernemann, Ulrik Fredriksen, Joachim Soltvedt - Sigurd Haugen, Akor Adams

På benken har me Kristian Rutlin, Håvard Hetle, Alioune Badou Ndour, Didé Fofana, Eirik Lereng, Ole Martin Rindarøy, Martin Ramsland, Markus Brændsrød, Ole Amund Sveen, Stanisa Mandic.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: