Kanonstart for G19-landslaget

Uavgjort for G17-, G18-landslaget gjekk på eit tap

Det er stor aktivitet for landslaga våre denne veka. I dag hadde me fire karar i aksjon.

I Sarpsborg spelte Daniel Gjerde Sætren, Mathias Øren og G17-landslaget opningskamp i eliterunden. Motstandar var Kroatia, sluttresultatet vart 0-0.

Etter spel og sjansar skulle dei norske karane ha vunne denne kampen, då sjansestatistikken enda 10-1 i norsk favør.

Daniel spelte heile kampen, Mathias sat på benken. Neste kamp går på laurdag, då er Slovenia motstandar og avspark er kl. 18:00

Les meir om G17-landslaget her

Foto: Thomas Brekke Sæteren, NFF
Foto: Thomas Brekke Sæteren, NFF

På Solkysten har Kristoffer Steinset og G18-landslaget møtt Danmark i den første kampen i ei turnering med Norge, Danmark, Sverige og Tsjekkia.

Det var dei danske drenge som stakk av med sigeren i denne kampen med 2-1, men dei norske karane fekk masse skryt av trenarteamet. 

Kristoffer spelte 75 minutt. Neste kamp er mot Sverige, der avspark i Marbella er klokka 13:00 på laurdag.

Les meir om G18-landslaget her

Foto: Trond-Arne Syversen, NFF
Foto: Trond-Arne Syversen, NFF

I Frankrike fekk Erik Flataker og G19-landslaget ein kanonstart på kvalikspelet då dei møtte Romania i den første kampen!

Dei norske karane stod på og vann ein fortent 4-0 siger over Romania.

- Det var det første av tre steg og ein veldig bra utført kamp. Akkurat som me hadde planlagt. Det startar med jobben som er lagt ned i forkant. Det har vore god analyse og me traff på ellevaren me starta med. Gutta hadde veldig god kontroll på karakteristikken av motstandaren. Dei norske spelarane hadde ein offensivitet fra start, men var samstundes audmjuke, seier trenar Luis Pimenta til fotball.no

Erik spelte heile kampen og på laurdag klokka 18:00 skal han og resten av gjengen få ei skikkeleg kamp om avansementet, då er Frankrike motstandar i Orléans.

Les meir om G19-landslaget her

Foto: Mats Hjertum, NFF
Foto: Mats Hjertum, NFF

 

Annonse fra Obos-ligaen: