
Kapteinen frå Årdal
Årets kaptein og eldst på laget! Spelarportrett
For Henrik byrja vegen til å bli Sogndalsspelar i ei anna bygd inst i Sognefjorden. I Øvre Årdal spelte guten fotball frå han var heilt liten. Her gjekk han gradene i aldersbestemte lag. Når han vart 13-14 år fekk han trena med A-laget, Jotun, der han fekk sin debut som 15-åring. Jotun kom seg opp i 2.divisjon, og Furebotn fekk 2 sesongar på dette nivået.
- Dette hadde mykje å seie for utviklinga mi, seier Sogndalskapteinen.
Han var på ein del juniortiltak og turneringar i Sogndal i denne tida, der dei fekk kjennskap til den fotballsparkande årdølen. Hausten 2006 vart han henta til Sogndal.
Du har tidlegare vore lagkamerat med både Håvard Flo (no: sportsleg leiar) og Eirik Bakke (no: hovudtrenar)?
- Ja, eg har spelt med både Eirik og Håvard. Terje Skjeldestad stod framleis i mål då eg kom til bygda. Bolli spelte. Tommy Øren har eg spelt med, og Anders Stadheim…Og no er dei øverste sjefane mine, men det var dei når dei spelte også, seier Henrik.

Kva er ditt beste minne i Sogndalsdrakta?
- Beste minne må vera opprykkskampen mot Fredrikstad i 2010. Dette var noko me hadde kjempa for lenge, sidan eg kom til Sogndal, å koma oss opp att i øvste divisjon. Det året me klarte det, var også det året folk trudde minst på oss. Veldig moro, seier Furebotn.
.jpg)
- Kapteinrolla inneber å løfte gutane, fokusera på det positive og byggje opp under spelarane. Prøva å ha humør og litt moro, Eg håpar at eg vert oppfatta som ein hardarbeidande og ærleg kar i lagsamarbeidet.
Også er du jo blitt småbarnsfar. Er det travelt?
- Nei, det er langt i frå travelt. Det er veldig kjekt. Det gjer at eg gløymer tapa litt fortare no enn eg gjorde før. Før turde ikkje familien min ringja meg før etter tre dagar viss me hadde tapt ein kamp. No tek det ikkje så lang tid før smilet er på plass att, når eg kjem heim til ho som ventar der, avsluttar Henrik.
Henrik Luggenes Furebotn
-
Alder: 31 år
-
Vaks opp i: Øvre Årdal
-
Posisjon: Midtbane
-
Kampar for Sogndal: 163
-
Draktnummer: 6