Karane er på veg heim - klubbkontora er stengt

Her er litt info om dagens situasjon

Etter at treningsleiren blei avblåst og situasjonen i Norge og Spania forandra seg time for time, blei det jobba iherdig med å få karane heim. Dei hadde returbillett den 20. mars, og det var rift om billettane ut frå Malaga då mange nordmenn ville heim.

No er karane snart heime på norsk jord.

Reisa heim starta etter middagen i går kveld med buss frå hotellet i Marbella til Lisboa i Portugal. Litt før halv åtte i dag tidleg steig dei om bord i flyet som får dei opp til Gardermoen utan mellomlandingar. Ved ankomst Norge blir det nok ein runde i buss – no heim til Sogndal.

Forventa ankomst er kl. 19:00 på Ingafossen. Ingen skal nedom på Campus, alle reiser då rett heim til bustadadresse for å gjennomføre karantenetida si på fjorten dagar.

Stengte kontor
Sogndal Fotball sin administrasjon har stengt sine kontor for besøkande. Det vil vera minimumsbemanning i dagane framover. So langt det let seg gjera, vil dei tilsette ha heimekontor. Unntaket for dette er Driftsavdelinga vår som sysselset vaktmeistarane og reinhaldarane.

Når det gjeld Breiddeaktiviteten i klubben er den stoppa førebels til den 30. april.

Ta vare på kvarandre no i denne vanskelege tida

Annonse fra Obos-ligaen: