Kasper Skaanes har signert!

- Me får inn ein stabil og spennande midtbanespelar

Sogndal Fotball og Brann er einige om ein overgang for midtbanespelar Kasper Holmboe Skaanes, f. 19. mars 1995.

Sogndal fotball og Kasper Holmboe Skaanes har signert ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2025.

- Me er særs glade for at me har fått inn ein så habil og spennande midtbanespelar som Kasper, seier Håvard Flo.

- Eg gler meg veldig, og har veldig tru på dette prosjektet. Me går for ein god sesong som skal enda med opprykk, seier ein smilande og offensiv Kasper like etter at han har signert avtalen med sin nye klubb.

Kasper kjem inn med gode smil og er ein midtbanespelar med bra motor.
Kasper kjem inn med gode smil og er ein midtbanespelar med bra motor.

Bergensaren kom til Brann frå Nymark allereie i 2009 og var med på laget som vann G16-NM i 2010. Han debuterte for Brann sitt A-lag i cupen mot Florø då dei vann 6-1 i 2012 og spelte for klubben fram til april 2018. Då vart han sørlending i gult og svart, i Start spelte han 78 kampar og skåra ni mål i sesongane 2018-2020.

I 2021 var han tilbake i Brann, der han tilsaman har spelt 157 kampar og skåra 20 mål. Han har óg 53 kampar og sju skåringar for Brann 2. Det er ein rutinert kar me får inn her på Fosshaugane.

Landslagsspelaren Kasper har spelt 22 kampar og skåra to mål med det norske flagget på brystet. Han har vore i aksjon frå G17- til U21-landslaget.

Kasper kjem til Sogndal med sambuar og ein baby på sju månader. Han får dei beste skussmål frå alle hald som ein flott fyr som vil gli godt inn i gjengen vår.

- Eg er ein midtbanespelar med bra motor, eg flytter beina relativt raskt og er ein som gir alt kvar dag, seier han om seg sjølv som spelar.




- Me har leita ein stund etter ein slik type midtbanespelar og er veldig glade for at han no har signert for oss, seier trenar Tore André Flo.


- Kasper er god med ball, han har stor arbeidskapasitet og kjem inn med rutine og erfaring etter å ha spelt i gode klubbar på høgt nivå. Det er veldig bra at me får inn ein så erfaren spelar i gruppa vår, seier Tore André.

- Kasper har etterkvart fått lang fartstid i toppfotballen, både gjennom klubb- og landslag. Me får inn mykje rutine med han, samtykkjer Håvard Flo.

- Med denne spelaren får me ein framoverretta ballteknisk spelar med stor løpskraft og mykje energi, seier Flo, som gler seg til å sjå han i aksjon i kvitedrakta. Det blir ikkje dei første vekene.

- Kasper har slite litt med ein skade i lysken i det siste men er per no i sluttfasen av ein vellukka rehabilitering der det er estimert at han kan vera tilbake i trening i løpet av kort tid. Me gler oss til han er klar, avsluttar Håvard Flo.

Kasper har stor tru på tida som ventar i Sogndal.

- Eg har vore i OBOS-ligaen tre gonger, det har blitt opprykk kvar gang, smiler Kasper.

Me ser fram til kjekke stunder i lag med denne kjekke karen i Kvitedrakta!

Kasper.jpg

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: