KFUM OSLO - SOGNDAL

Me er klare for runde 5 av årets OBOS-liga!

Då er det klart for nytt oppgjer i hovudstaden, vår neste motstandar er gutta frå Ekeberg, KFUM Oslo.

Avspark er klokka 18:00, og det er nok framleis slik at ein ikkje får sjå kampen på stadion.

Slik ser du dagens kamp
Me er som kjent midt i ein pandemi, noko som fører til at det er store restriksjonar på kven som kjem inn på kamp. Me har bortekamp, då har heller ingen av våre supportarar inngang på tribuna.

I dag er det difor berre mogleg å sjå kampen via betalingskanal, og i år er det dplay som gjeld. Dei skal visa alle kampane, og legg opp til eit større og betre opplegg rundt OBOS-ligaen enn nokon gong. For 159,- i månaden får du tilgang på alle kampane i OBOS-ligaen, Eliteserien, Eurosport og alle dei andre kanalane. Ta ein titt her

Sjå KFUM Oslo - Sogndal på dplay

Runde 5
I dag ser sendeskjema slik ut
 

Kåffa starta sesongen heime med å slå Jerv med 2-1. I runde 2 drog dei eit steinkast nordover til Strømmen, og der vart det tap med 2-1. Dette resultatet stod seg óg i runde tre, då det vart heimesiger mot Raufoss. I den fjerde runden spelte dei 1-1 mot Ull/Kisa.

Me starta som kjent med ein sterk 4-1-siger borte mot Åsane, og ein endå sterkare 6-1-siger heime mot Kisa. Men karane kom seg ned på jorda med 1-3 i fleisen mot Grorud, og sist gjekk me på årets første heimetap med 0-2 mot Sandnes Ulf.

Karane klør etter å slå tilbake i dag!

Slik ser tabellen ut før kveldens kampar
 

Under kampen skal det vera overskya, laber bris og rundt 18 grader.

Me gler oss til kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: