
Khadar Abdi Ibrahim har signert kontrakt!
Landslagsspelaren frå Somalia har skrive kontrakt med Sogndal Fotball! Utviklingsavdelinga
Sogndal Fotball og Khadar Abdi Ibrahim, f. 14. oktober 2008, er samde om ein avtale som strekkjer seg ut 2027-sesongen.
Khadar Abdi Ibrahim er ein del av Sogndal 2-troppen, og spelar i tillegg for både NG17 og NG19 i nasjonal serie. Han er ein angrepsspelar med høgt tempo og slepen teknikk, og er ein spelar å sjå opp for dei kommande åra. No har han skrive sin fyrste profesjonelle kontrakt og skal halde fram utviklinga både i klubb og på landslag.
- Det kjennest veldig godt å skrive kontrakt. Eg er både stolt og takknemleg. Sogndal er ein bra klubb med gode spelarar, både på A-laget og Sogndal 2 og med gode trenarar. Sogndal Fotball legg til rette med gode treningar for best mogleg utvikling og eg gler meg til å utvikle meg og vise meg fram her. Draumen er å spele fotball på høgst mogleg nivå, men å samtidig ha det kjekt med fotballen.

Khadar Ibrahim for Sogndal NG17 mot Strømsgodset
Martin Salbu

Khadar Ibrahim for Sogndal 2 mot Florø!
Martin Salbu

Khadar Ibrahim for Sogndal NG17 mot Strømsgodset
Martin Salbu

Khadar Ibrahim for Sogndal NG17 mot Strømsgodset
Martin Salbu
I februar i år kom beskjeden om at Khadar var teken ut til Somalia sitt U17-lag. Han vart dermed ein del av troppen som skulle spele U17-AFCON (Afrikamesterskapet) for heimlandet sitt. Turneringa gjekk føre seg i april, og Khadar beskriv det som eit minne for livet:
- Å representere landet eg kjem frå betyr mykje for meg. Det var veldig kult å spele U17-AFCON og møte/spele saman med andre gode spelarar. Det var høgt nivå på alle lagene, og det viser at det er berre å trene hardt vidare. Dette var eit minne for livet og svært viktig for karrieren min.

På same måte som for Emil Hillestad, er Khadar landslagsspelar på aldersbestemt nivå. Unge landslagsspelarar blir fort lagt merke til, og ein kontrakt som denne gir tryggleik for både spelaren og klubben. Utviklingssjef Anders Stadheim fortel:
- Khadar er ein av spelarane våre som er inne på landslag, og han oppfyller difor kriteriet for å få ein slik kontrakt. Me ønskjer å beskytte landslagsspelarane våre mot press utanfrå, og håpar at dette kan gi tryggleik og ro for å halde fram utviklinga her. Me har stor tru på Khadar, og han har eit veldig stort potensiale i seg. Me gler oss til å følgje han vidare.
Sogndal 2-trenar Nils Tore Krosshaug er ein av trenarane som føl Khadar tett i klubbkvardagen. Han synst det er kjekt at Khadar no har signert proffkontrakt:
- Dette er kjekt for Khadar, og det viser at arbeidet han har lagt ned betalar seg. Det er også kjekt for klubben som får ein ny landslagsspelar. Det er me stolte av!
Me gratulerer Khadar med sin fyrste profesjonelle kontrakt, og gler oss til å sjå mykje av denne spennande guten dei kommande åra!
STAO NO PAO!