Kjærleiken til Sogndal og laget sloknar aldri for Geir

Sykla frå Nannestad for å sjå kampen mot HamKam

Kjærleiken til favorittlaga dine rustar aldri. Berre spør Geir Michelsen. Før helga sykla han over 30 mil for å sjå Sogndal Fotball på heimebane.

Då var det nesten 40 år sidan sist han såg laget i aksjon på Fosshaugane. 

- Det kostar å vera stor i kjeften, smiler Geir dagen etter at han såg sitt kjære Sogndal-lag banka Ham-Kam 4-2 på Fosshaugane. 

Endeleg fekk han sitja ringside på Fosshaugane igjen. Men det kosta - Geir sat på sykkelsetet i fire dagar og 322 kilometer før han kom til Sogndal.
 

Geir undervegs til Sogndal (Foto: Privat)
Geir undervegs til Sogndal (Foto: Privat)

Interessa for klubben på Fosshaugane vart kveikt då Geir Michelsen gjekk på idrettslinja på Sogndal Folkehøgskule vinteren 1982/83. Då fekk han med seg mange kampar i Sogndal Fotball sin første sesong på øvste nivået - den gongen heitte det 1. divisjon.

- Eg var heilt fasinert av bygda, fjorden, naturen - og fotballaget, fortel Geir.

Difor definerer han Sogndal som sin andre heimstad. Sogndal Fotball er og blir det norske favorittlaget. Ja, til og med Lerum si saft og syltetøy har han i alle år vore trufast mot.

Geir Michelsen er frå Skedsmo like ved Lillestrøm. Men å bli LSK-supporter vil ikkje Geir høyra snakk om. Går han på heimekampen til Strømmen eller Ull/Kisa på Romerike, så er det også som Sogndal-supporter.

Han minnest godt laget som frelste han som Sogndal-supporter. Det var den gongen Knut Chrsitiansen, Svein Bakke, Lasse Opseth & Co herja med motstandarane.

- Eg såg dei også på mange bortekampar på 1980-talet. Etter kvar kamp kom alltid Svein Bakke bort og snakka med oss fem-ti minutt, minnest Geir.
 

Eirik og Geir tok seg ein prat under dagens treningsøkt (Foto: Rune Sjøberg)
Eirik og Geir tok seg ein prat under dagens treningsøkt (Foto: Rune Sjøberg)

I går fekk Geir helsa på sonen Eirik som er den som styrer A-laget no. I dag var han på plass og såg litt av treninga. Der vart det nytt møte med Eirik, som hadde med seg ei signert spelartrøye til Geir.

I det heile teke reiste Geir tysdag ettermiddag heim igjen full av inntrykk etter møtet med klubben, folk og Fosshaugane Campus.

- Eg vart svært godt motteken. Eg skal til Sogndal igjen, og då skal sambuaren Anita bli med, ,seier han.

Men då kjem dei neppe på sykkel. Geir Michelsen gjekk ut på Facebook og sa han skulle sykla til Sogndal for å sjå laget i aksjon på Campus.

Sist torsdag sette han seg på sykkelsetet heime på Maura på Nannestad. Han overnatta ved Krøderen, på Per's på Gol, i telt på Hemsedalsfjellet før han trilla inn i Sogndal til kamp måndag. 

På tur med Sogndal-trøya! (Foto: Privat)
På tur med Sogndal-trøya! (Foto: Privat)

Turen gjekk greitt, men han sleit veldig med eit gnagsår på veg opp frå Gol. På apoteket i Hemsedal fekk han salven som gjorde at han kunne halda fram turen. 

Til dagleg jobbar Geir Michelsen som sikkerheitskontrollør på Oslo Lufhavn Gardermoen.  Han har vore permittert ei stund, og har brukt tida mellom anna til å sykla ein del på Romerike. 

Tusen takk for besøket, og for støtta! Me gler oss til neste gong Geir kjem på besøk til oss!

Her er nokre bilete frå turen hans - frå Nannestad til Sogndal for å sjå karane spela kamp!


Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: