Kjekk veke for Ingeborg

Hadde arbeidsveka i Sogndal Fotball

Denne veka har me hatt ei kjekke jente frå Nesbyen på arbeidsveke i kontorlokala våre.

Ingeborg Thorberg går i 9. klasse på Nesbyen Ungdomsskole og hadde veldig lyst til å sjå korleis det daglege livet i ein fotballklubb er.

- Eg har hatt det veldig kjekt denne veka, fortel Ingeborg.

- Det har vore interessante og varierte gjeremål, fortel hallingdølen som sjølv spelar fotball på 3. divisjonslaget til Hallingdal Fotballklubb. Og for dei som no set saman etternamn og HFK, joda, dette er dottera til Jan Eirik, primus motor i Hallingdals-fotballen.

I tillegg til å vera med Martin Natvig og Nils Tore Krosshaug med førebuing og gjennomføring av treningar med Sogndal 2, tok ho plass på trenarbenken då andrelaget slo Jølster med 7-0 torsdag.

Mest har ho kanskje vore med Ørjan Hjellhaug og førebuingar til Lerum Cup.

- Det var veldig kjekt å jobba med Ørjan, han er ein morsom fyr! 

Som ein liten fun fact: Det er mora og tanta til Ingeborg som lagar den berømte lasagnaen (forøvrig verdas beste) som karane våre kosar seg med når me svinger innom Nesbyen Kro på veg til kampar på Austlandet!

Tusen takk for ei fin veke i lag, Ingeborg! Og lukke til vidare!

Tore og Ingeborg.jpg
Tore André Flo og Ingeborg

 

Annonse fra Obos-ligaen: