Kjempa til siste slutt, men tapte straffespark

Årets cup er over etter eit surt tap i straffesparkkonkurransen

Det vart ein innhaldsrik, spennande og lang kamp på Fosshaugadn i kveld. Mål etter 2 minutt, snuoperasjon og 3 mål i mot, opphenting, overtidsdrama og straffekonk. Kampen hadde det meste, og diverre var det Kongsvinger som gjekk sigrande ut av duellen.

Allereie etter 2 minutt spelt tok me leiinga, då Oliver Hintsa fekk ballen i boks. 1-0 og ein fantastisk start på kampen. Like før pause kom det to raske scoringar frå Kongvinger, og gjestene gjekk til pause i leiinga.

I andreomgang auka leiinga til 1-3, og det var bortelaget som såg ut til å gå mot avansement. Då byrja opphentinga, og karadn fekk vist ein fantastisk mentalitet. Erik Flataker vart felt i boksen etter 58 minutt, tok straffa sjølv og tente håpet. Berre to minutt seinare serverte same mann innbyttar Sebastian Pedersen, som styrte ballen i mål på elegant vis med hovudet. 3-3, og Fosshaugadn var i fyr og flammer. Det vart også resultatet etter 90 minutt.

I ekstraomgangane var det to slitne lag, og kampen vart prega av mykje feil og lite finspel. Begge lag hadde sine sjansar, men det kom ingen fleire scoringar i ekstraomgangane. Det betydde straffesparkkonkurranse framfor Saftkokaradn og russen. Begge lag scora sine 3 fyrste straffar, men dei to siste straffane vart diverre bom. Då var det Kongsvinger som kunne juble, og me er ute av cupen.

Tusen tusen takk for den fantastiske støtta gjennom kampen! Stemninga i sluttminutta var elektrisk, og me skulle så gjerne kunne jubla saman med dykk til slutt. Me skal slå tilbake allereie på søndag i bortekampen mot Hødd!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: