Kjetil har signert

Ny keeper inn

Sogndal Fotball og Christian Kjetil Haug (f. 12/6-1998) har signert ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2020. 

- Det er veldig kjekt at Kjetil kjem til oss. Me ser ein keeper med eit stort potensiale, og han er ein gut som passar godt inn i gjengen, fortel sportsleg leiar Håvard Flo.

Også trenar Eirik Bakke har mykje bra å seie om vår nye keeper. Sjå videointervju under.


Kjetil Haug er frå Halden og starta si fotballkarriere i Kvik Halden. Hans talent var openbart, slik at Sarpsborg 08 kom på bana og henta han dit. Etter dette kom den unge keeperen i søkjelyset på fotballøya, og har sidan 2014 vore ein del av Manchester City sin ungdomsavdeling. Les profilen hans her.

Han var i 2017 på eit låneopphald i den spanske klubben CF Peralada som for tida spelar i Segunda División B.

Kjetil har allereie ein lang historie med keepertrenar Terje Skjeldestad. Han har delteke mange gonger med Terje Skjeldestad Keeperskule, og dei kjenner kvarandre frå landslaget.


Kjetil har spelt på alle aldersbestemte landslag fram til U19. Han debuterte med G15-landslaget mot Montenegro i Østerrike under ein 4-nasjonarsturnering med clean sheet. Kampen enda 0-0. Han står no bokført med 29 landskampar, den siste kampen var mot Spania for U19-landslaget i 2017. Hans generasjon er den neste til å ta over på U21, no som Sondre Rossbach og Per Kristian Bråtveit snart blir for gamle.

Me tok ein prat med den sympatiske karen frå Halden under opphaldet i Marbella.


Me ynskjer Kjetil hjarteleg velkomen til Sogndal, og ser fram til tre flotte år i lag.

Annonse fra Obos-ligaen: