Kjetil klar for Vålerenga

Permanent overgang for Kjetil Haug

Sogndal Fotball og Vålerenga er samde om ein overgang for Christian Kjetil Haug. Keeperen har vore på utlån til Oslo-klubben denne vårsesongen, og Vålerenga er så nøgd med han at dei vil ha han på Valle permanent.

Les også: Kjetil Haug signerte for Vålerenga

Kjetil kom til oss vinteren 2018 frå Manchester City, og han spelte to offisielle A-kampar. Desse var i NM. Han spelte fire kampar for Sogndal 2.

Kjetil Haug var på utlån til Elverum i fjor og no i vårsesongen var han på utlån til Vålerenga.

Me har sett veldig pris på Kjetil i den perioden har har vore her. Han er ein fin type som jobbar knallhardt på treningsfeltet. Det er ein veldig sympatisk kar med ein spennande framtid!

Me ynskjer Kjetil mykje lukke til vidare!

Annonse fra Obos-ligaen: