Kjøp billett til cupen!

På onsdag er det klart for cupkamp på Fosshaugadn, og billettsalet er i gang!

Sogndal - Kongsvinger

  • Onsdag 7. mai kl. 19:00

  • Fosshaugane Campus

  • NM 2025 - Runde 3

5 sigrar på dei 5 siste kampane, og me går for nummer 6! Kongsvinger kjem på besøk allereie på onsdag, og det står om avansement til den 4. runden av cupen!

Sesongkorta gjeld ikkje i cupen, så alle må kjøpe billett. Me oppmodar om å kjøpe billett på førehand, men det vil også vere mogleg å nytte billettbui. Grunna arbeidet på Svingenbygget finn ein no billettbui i Sognekraftgata v/ port 2, som vist på biletet under.

Det er berre Sognekrafttribuna (hovudtribuna) og Lerumtribuna (kortside) som er open til denne kampen. Nytt port 2 eller 3 for tilkomst Sognekrafttribuna eller port 4 for tilkomst Lerumtribuna. 

Pris:

  • Sognekrafttribuna - Vaksen: 100,-
  • Sognekrafttribuna - Barn : 50,-
  • Lerumtribuna: 50,-

Bortesupportar?

Me ønskjer bortesupportarar hjarteleg velkommen til Fosshaugadn. Tilreisande gjester har fått tildelt felt G Nedre til denne kampen. Vel "Bortesupportar" og riktig felt ved kjøp av billett. Velkommen!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: