IMG_3042

Klar for å kjempe i Sogndal drakta

Óskar Borgþórsson har fått omvisning på Fosshaugane, og gjenomført si første trening i nye fargar

velkominn Óskar Bogga, við hlökkum til að sjá þig í Sogndalsjakkanum!

"Me er veldige glade for å ha Oskar på plass, me har som sagt sett han i mange kampar, og han er eit av Islands største talent. Eg trur han vil passa fint inn i måten me spelar på. Han ankom Sogndal i dag og har allereie hatt ei trening med oss i, og sklei rett inn i gjengen!" - Tore Andre Flo

Vi tok en prat med "Bogga"

"Eg er frå Island og veks opp i Reykjavik, det beste med heimbyen min i Reykjavik er at det er ei nydeleg elv som går gjennom byen.

Favorittaugneblinken på ei grasmatte var då eg skåra det første proffmålet mitt for Fylkir, det var stort! Eg vart veldig glad og takksam for å bli teke ut på U21 landslaget, og det har gått veldig bra så langt. No er eg klar for å gi alt for Sogndal fotball og prøva å vinna kvar kamp!

IMG_3041.JPG
Bilde er lånt av Fotbolti.net - Haflidi Breidfjord


På trening liker eg best skytekonkurransar, og mine sterkaste side både på og utanfor banen er at eg alltid er glad. Ja, og eg er god med ball! 
Første gong eg høyrde om Sogndal Fotball var då Valdi kom hit, eg snakka med han før eg valde å komma hit. Han fortalde at han treivst godt her, og at det er ein god klubb å utvikla seg i.

46654AC0-8EE5-4F74-8B32-5938918E62BB.JPG
@Fotbolti.net - Haflidi Breidfjord


På banen speler eg venstre ving, og sentral midtbane - kan speler begge delar. Har dessverre ingen artige eller spesielle ritual før kamp. Når eg skal kopla av elskar eg å henga med venner, og gler meg til å sjå naturen i Noreg. Draumelaget er Liverpool, det er absolutt eit mål eg kjem til å jobba hardt for. Stao no pao!"

7D601DDC-73E7-45DE-BB2F-5E54A7315AA6.JPG
@Fotbolti.net-Haflidi Breidfjord
Annonse fra Obos-ligaen: