Klar for Allsvenskan

Daniel Eid går til IFK Norrköping

Sogndal Fotball og IFK Norrköping er samde om ein overgang for Daniel Fritz Eid.

Daniel kom til Sogndal før 2020 sesongen, og karen frå Ulsteinvik spelte 63 kampar i Kvitedrakta og skåra sju mål.

Han kom inn som eit friskt pust i klubben, og var ein populær kar hjå publikum på Fosshaugane med sin energiske spelestil. 

- Gjennom to år med oss har Daniel hatt ei veldig fin utvikling, der han har gjort seg meget interessant og attraktiv for andre og større klubbar i inn- og utland, seier Håvard Flo.

- Me hadde eit sterkt ønskje om å behalde Daniel vidare i Sogndal, men når denne moglegheiten opna seg for Daniel måtte me foreta ei totalvurdering, og då etterkom me hans ønskje om å få reise.

Me takkar Daniel for innsatsen, og ønskjer han lukke til vidare!

Annonse fra Obos-ligaen: