Klar for Eliteserien

Joachim Soltvedt er selt til Sarpsborg 08

Sogndal Fotball og Sarpsborg 08 er samde om eit sal av Joachim Soltvedt.

Joachim har slutta seg til sine nye lagkameratar allereie, i klubben med ei rekkje Sogndal-vener som Tom Freddy Aune, Ole Jørgen Halvorsen og Bjørn Inge Utvik. Han har skrive under på ein tre-årig avtale, og vil nok bli ein populær kar for gjengen i Fossefallet.

- Eg ser på Sarpsborg som ein veldig spennande klubb. Dei hadde rett nok ein tøff sesong i fjor, men har dei siste åra levert meget solide sesongar, både med Europacup-eventyr og i toppen av norsk fotball, seier ein glad Joachim Soltvedt.

Sogndal Fotball ville ha mannen med den slepne venstrefoten med vidare, men har forståing for at Soltvedt ynskjer å ta denne sjansen han no får i Sarpsborg 08.

- Sarpsborg virker som ein godt dreven klubb med gode verdiar og moglegheiter for å utvikla seg som fotballspelar og menneske, seier ein audmjuk Joachim, og legg til at det ikkje er berre-berre å reisa frå Sogndal.

Soltvedt kom til Sogndal i sommaren 2017 og har spelt 63 kampar og skåra 13 mål i kvitedrakta.

I hans siste opptreden var han kaptein, det var no i treningskampen mot Tromsø.

- Det er sjølvsagt vemodig å forlata Saftbygda etter to og eit halvt år! På ein så liten plass blir ein glad i menneska ein treffer kvar einaste dag!

Joachim vil takka bygdafolket og dei i klubben for ei fin tid i lag.

- Eg sit att med masse gode minner eg har hatt i lag med lagkameratar, trenarar, støtteapparat og andre i og rundt klubben! Til neste år møtast me att i Eliteserien, avsluttar Joachim Soltvedt.

Det er veldig kjekt at nok ein Sogndal-spelar er klar for nye oppgåver i ein betre liga! Me takkar Soltvedt for fine år i lag og ynskjer han lukke til i Sarpsborg!

Annonse fra Obos-ligaen: