Klar for Lillestrøm

Igoh Ogbu tek nye steg i karrieren

Sogndal Fotball og Lillestrøm Sportsklubb er samde om ein overgang for forsvarsspelar Igoh Ogbu.

Igoh kom til Sogndal på lån frå Rosenborg somaren 2019 og ut året, lånet vart deretter forlenga og det vart vidare ein permanent overgang i fjor somar. Totalt står nigerianaren med 44 kampar i Kvitedrakta. Han skåra óg to mål for oss.



Trenar Eirik Bakke ville gjerne ha Igoh med på laget vidare, men spelaren sjølv var veldig tydeleg på at han ville vidare då opprykket glapp i fjor.

- Me har kjempa hardt for å få behalda Igoh her, då me meiner at han ville hatt godt av å vera her lenger og utvikla seg vidare, seier Håvard Flo.

- No når Igoh har valt å reise frå oss, vil me hugsa han som ein flott humørspreiar i klubben med sin gode innstilling til treningsarbeid og seriøsitet, seier Flo.

Les også på LSK sine hjemmesider: IGOH OGBU (20) KLAR FOR LSK

Me takkar Igoh for tida me fekk i lag, og ynskjer han lukke til vidare!

Annonse fra Obos-ligaen: