Klare for 2. runde i UEFA Youth League

Karane er på plass i Moldova og gler seg til kamp

Klokka 18.00 lokal tid, 17.00 norsk tid, brakar det laust på det flotte anlegget til FC Sheriff i Moldova.

Heimelaget tek i mot det fantastiske G19-laget vårt, og i dag får me verkeleg testa oss.

Sheriff er rutinerte i dette gamet med fleire deltakingar, og dei er ein hardtsatsande klubb med utruleg flotte treningstilhøve.

Me har reist langt og lenge for å koma fram. Turen starta måndag, då Sveinung ratta oss trygt fram til Gardermoen. Tysdag reiste me til Istanbul si utgåve av Haukåsen, nokre seier at det er den aller største flyplassen i verda, utan at dette er faktasjekka. Stor var den okkesom.

Frå Istanbul gjekk turen vidare til Moldova, og me fekk ein smakebit på Aust Europa sitt vegnett der me humpa oss avgårde frå flyplassen til Tiraspol, der me var framme i går kveld.

Her bur me trygt og godt på Sheriff sitt anlegg.

Rune Bolli Bolseth fekk stifta bekjentskap med ein lokal hund her i dag etter lunsj, då han fekk selskap under ein joggetur utanfor gjerdene. Men den spreke karen frå Sandane parkerte den innpåslitne Fido med eit raskt temposkifte.

Trenar Nils Tore Krosshaug gler seg til kampen. Me snakka med trenaren vår under ein lett treningsøkt i formiddag.




Laget me startar med i dag er desse kjekke karane:
Håvard Hetle, Kasper Bordvik, Adrian Solberg, Eirik Lereng, Eivind Helgesen, Eirik Stokkenes, Sivert Mannsverk, Mikkel Erlandsen, Anders Nord, Mathias Sundberg, Vegard Halset

Benken: Elias Mittet, Per M. Thune, William Rakkenes, Filip Mardal, Johan Bakke

Kampen i dag blir diverre ikkje streama, men me håpar me kan koma med ei gladmelding utpå kvelden.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: