Klare for cupdrama!

Klokka 18:00 er det avspark mot Bjarg på Stavollen kunstgras i Bergen

Karane våre har reist til byen og gjer no dei siste førebuingane til kveldens cupdrama i Bergen.

Dette blir óg siste gong assistenttrenar James Simmonds er med laget, noko me kjem attende til seinare i veka. Simmo reiser heim til sin klubb Chelsea etter kampen, og vil ta fatt på nye oppgåver i London.

I dag må me vera på frå start! Cup er cup - det har både Kongsvinger og Sarpsborg 08 fått kjenna på, og ikkje minst fekk begge laga ved Drammenselva ein på nasen! Sjå resultat lenger nede.

Og så kan me gratulera vår gamle ven Fredrik Flo med debut frå start for sin nye klubb, eliteserielaget Sandefjord. Fredrik stod brått utan klubb då Øygarden gjekk overende, men no skal sogndølen spela i Eliteserien att!

Me gler oss til skikkeleg cupfest mot Bjarg, der dei har stelt i stand med grill og stas. 

Avspark er klokka 18:00, arena Stavollen kunstgras. 

Billettinfo Bjarg - Sogndal

For dei som ikkje får sett kampen i Bergen, den går på Direktesport.no

I kveld går dei siste kampane i runde 2 av NM - slik ser dei andre resultata ut så langt:

14. juni:
Eidsvold Turn
 - Kongsvinger 3-2

15. juni:
Frigg - Skeid 0-1

21. juni: 
Vidar - Bryne 1-3

22. juni:
Moss
 - Sarpsborg 08 1-0
Elverum - HamKam 1-3
Gjøvik-Lyn – Strømsgodset 3-2
Kjelsås - Mjøndalen 1-0
Flint - Sandefjord 1-5
Fram - Jerv 1-2
Notodden - Stabæk 1-3
Arendal - Start 2-3
Fløy-Flekkerøy - Odd 2-3
Vard Haugesund - Viking 1-2
Sotra - Øygarden 3-0 - (bortelaget møtte ikke)
Os - Brann 1-6
Fana - Haugesund 0-1
Brattvåg - Molde 2-4
Hødd - Aalesund 0-3
Byåsen - Stjørdals-Blink 3-3 - 4-2 etter straffesparkkonkurranse
Strindheim - Kristiansund 1-3
Levanger - Rosenborg 1-2
Junkeren - Lillestrøm 1-2
Harstad - Bodø/Glimt 0-5
Skjervøy - Tromsø 1-4
Tromsdalen - Alta 2-0
Brumunddal - Vålerenga 3-4

23. juni: 
Kvik Halden - Fredrikstad 
Nardo - Ranheim 
Ullern - KFUM Oslo 
Egersund - Sandnes Ulf 
Ullensaker/Kisa - Grorud 
Bjarg - Sogndal

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: