Klare for semifinalen i NM!

Jonas Fredriksen vart matchvinnar mot gamleklubben då me slo Brann 1-0 i ettermiddag

Denne gjengen!

Det fantastiske G19-laget vårt er klare for semifinalen i NM etter at det vart 1-0 mot Brann på Fosshaugane.

Målet kom på ein corner, der Elias Mittet la ein strøken ball til Jonas Fredriksen som heada ballen kontant i garnet 23 minutt ut i 1. omgang.

Hallo Sogn var på plass - sjå kampen i opptak her

Det vart ein jamnspelt kamp i nydeleg haustvêr, der det var spennande heilt til domaren blåste av kampen.

Allereie neste veke skal denne gjengen spela heime i UEFA Youth League mot FC Honka. Og i år får me heimekamp i semifinalen, den skal gå mot Odd. Me har ein spennande haust framfor oss med G19-laget.

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: