Klubben må vera sjefen

Sogndal Fotball sitt samfunnsoppdrag er å gi eit tilbod til nærare 1000 små og store fotballspelarar. Skal me klara denne jobben, må me ha gode styringsverktøy – og gode medspelarar.

Den 26. april hadde Sogn Avis eit oppslag om tre jentespelarar i Sogndal. Dei er skuffa fordi klubben sa nei til at dei kan trena og spela kampar med yngre vener.

Klubben sa nei fordi sportsplanen vår ikkje opnar for at spelarar kan hospitera i yngre lag. Fordi det ikkje var semje i saka, følgde breiddestyret sportsplanen.

Det er ingen løyndom at me over tid har hatt utfordringar i den aldersbestemde fotballen i Sogndal Fotball. Ein av grunnane er at klubben ikkje har vore konsekvent nok til følgja opp sine eigne planar. Det har me lært av.

Dagens sportsplan vart vedteken av styret i desember 2019. Planen er eit godt verktøy som Sogndal Fotball no konsekvent brukar i den daglege drifta både på og utanfor bana. 

Sportsplanen er i dag sjølve hjørnesteinen i drifta av Sogndal Fotball. Den gjeld frå A-lag til akademi.

For å gjera ein ting klart: Me har ingen ting mot interne diskusjonar. Me vil gjerne ha meiningsbryting om korleis klubben bør drivast. Men om det viser seg at det ikkje er mogleg å oppnå semje, så må klubben ha det avgjerande ordet. Då gjeld sportsplanen.

For å spissformulera dette litt: Klubben må vera sjefen.

Oppslaget i Sogn Avis 26. april blir av einskilde brukt som eit døme på kor ille det står til med klubben si handtering av jentefotballen. Faktum er at klubben i 2021 tek eit krafttak for å satsa på jentefotballen i Sogndal, til dømes dette:

  • Me har for første gong finansiert ein trenar som på heiltid skal utvikla jentefotballen.
  • Me jobbar med å få på plass alle element som skal gjera Sogndal Fotball til ein kvalitetsklubb også i breiddefotballen.
  • Me er i dialog med Kaupanger for å finna ut korleis det er mogleg å få til ei toppsatsing på damesida i Sogndal.

Det er ingen tvil om at me er komne lengst i arbeidet med å utvikla gutefotballen. Det skuldast at me er ein del av Norsk Toppfotball (NTF). Gjennom Akademiklassifiseringa, der me utviklar spelarane gjennom klare standarder, får klubben tilført pengar til denne satsinga.

Me forstår at folk er utolmodige. Det er me også. Men me trur folk flest forstår at dette er ting som tek tid.

Samstundes vil me understreka at klubben får mange positive tilbakemeldingar frå foreldre og andre for den satsinga me no gjer i barne- og ungdomsfotballen i Sogndal.

Sogndal Fotball skal satsa både på elite og breidde. Alle forstår at det er krevjande for ein bygdeklubb å gi eit stadig betre tilbod til hundrevis av unge jenter og gutar samstundes som me har ei elitesatsing.

Klubben sitt mål er at så mange som mogleg av våre nærare 1000 spelarar er nøgde med tilbodet me gir dei. Men det er sjølvsagt ikkje mogleg å gjera absolutt alle til lags til ei kvar tid.

I det vidare utviklingsarbeidet i Sogndal Fotball er det viktig at me har gode medspelarar – ikkje motspelarar. Ikkje minst er det viktig å ha med på laget foreldre og føresette som er ein svært viktig ressurs for oss alle. Saman kan me gjera Sogndal Fotball til ein kvalitetsklubb også i breiddefotballen.

Rasmus Mo, dagleg leiar i Sogndal Fotball
Terje Skjeldestad, utviklingssjef i Sogndal Fotball

Annonse fra Obos-ligaen: