Klubbesøk frå NTF

Erik Hoftun og Kenneth Wilsgård frå Norsk Toppfotball har vore på klubbesøk i Sogndal

Ein viktig del av arbeidet til utviklingsavdelinga er tett samarbeid med Norsk Toppfotball. Denne veka har sportssjef Erik Hoftun og klubbutviklar Kenneth Wilsgård vore på besøk på Fosshaugadn. Over to dagar har dei vore gjennom eit intensivt og innhaldsrikt program med mykje fotballfaglege diskusjonar og møtepunkt. 

Kenneth Wilsgård jobbar som klubbutviklar i NTF Sport, og er gjennom denne jobben klubbkontakt for Sogndal Fotball inn mot akademiklassifiseringa. Det er han som klassifiserer akademiet vårt og som følger opp i kvardagen for å styrke utviklingsarbeidet i klubben:

- Akademiklassifiseringa gir ein status på korleis me har vurdert arbeidet på eit tidspunkt, og basert på dette prioriterar klubben arbeidsoppgåver og områder ein ønskjer å utvikle til eit høgare nivå. I løpet av dette besøket ser me blant anna på dei tinga klubben har jobba med sidan førre gong eg var her, og kva som kan vera fornuftig å jobba med vidare, fortel Wilsgård.

- Besøket er ein viktig oppdatering for meg for å vite kva ein jobbar med og kvaliteten i det. I tillegg har me mange gode fotballpratar for å snakke fag og utvikling. Me har vore gjennom eit fagleg program som er intensivt, men som inneheld veldig mykje relevant me får diskutert, legg han til.

Saman med teknisk hjarte (styreleiar, dagleg leiar, spelarlogistikkansvarleg, utviklingsansvarleg og hovudtrenar) har ein diskutert Sogndal sin ståstad og utfordringar. Norsk Toppfotball har med seg gode referansar frå andre klubbar som er nyttig for oss i Sogndal. Ulike tema som vart diskutert er t.d. utviklingstrendar for spelarlogistikk og andre ting som er relevante for dei overordna måla til NTF.

I 2024 er eit av satsingsområda frå NTF å heve kompetansenivået på trenarane i alle klubbane. Gjennom kursing og opplæring av ressursar i klubbane, skal ein sørge for at spelarane får endå betre oppfølging tidleg i utviklinga. Det er utviklingssjef Erling Ola Fykse glad for:

- Dei fleste i utviklingsavdelinga vår skal no ta mentaltrenarkurs. Ein av dei fremste i verda, Geir Jordet, er med på satsinga og skal få ut kunnskapen om det mentale aspektet i fotballen. Det er ganske unikt at sjølv om du er student (22) eller fotballtrenar (36) får ein no denne kunnskapen lett tilgjengeleg. Dette er ressursar og kunnskap som til dømes Premier League-klubbar tørstar etter. Me er veldig glade for å vera ein del av dette.

IMG_9348.jpeg
 

Ein klubb som Sogndal Fotball er veldig ulik mange andre, men modellen til NTF er ganske lik for alle klubbane. Korleis sørger de for å treffe behova i ein mindre klubb?

- Me har prøvd å ta omsyn til at ulike klubbar har ulike modellar og førestenadar i utforminga av akademiklassifiseringa. Alle klubbar skal kunne finne sitt uttrykk i modellen, og få betalt for det gode arbeidet dei gjer. Befolkningsgrunnlaget er til dømes noko som påverkar arbeidet med rekruttering. Sogndal har valgt sin modell basert på korleis dei best kan drive spelarutvikling. Denne modellen er likestilt med modellen som til dømes klubbar på austlandet har valgt.

Erling Ola Fykse legg til:

- Eg tenker at for vår del er det avgjerande å vera med for å vera ein utviklingsarena for toppfotball. Møtepunkt, besøk, krav i akademiklassifiseringa over tid. NTF hjelper oss til å hjelpa spelarane med å komma igjennom nålauge. Det er nyttig for oss at NTF kjem til Sogndal med sine erfaringar og kunnskap, og gjennom samtalar og diskusjonar blir me betre saman. Dei utfordrar oss på å tenke gjennom kva som er gjort, og kva som skal vera neste mål. Me skal alltid strekkje oss mot å bli betre for kvar dag som går. Me opplever også at NTF evnar å sjå variasjonane hjå klubbane og er fleksible i kriteriesettet. Dei har stor forståing for at klubbane er forskjellege, og er flinke til å sjå klubbane for den dei er. Me opplever at dei ønskjer at me skal lukkast med spelarutvikling, og ser stor nytte i samarbeidet.

Korleis er det å besøke Sogndal?

- Det er alltid fantastisk å komme til Sogndal. Det er mange flotte menneske her, og ein veldig varm og open kultur. Sidan eg har vore her ganske mange gongar dei siste åra, er det mange eg har ein god relasjon til.

Me takkar Erik og Kenneth for besøket og ønskjer dei hjarteleg velkommen tilbake!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: