Knepent tap i generalprøva!

Martin Høyland utlikna i fyrsteomgang, men Brann stakk av med sigeren til slutt

Det vart ein kjekk ettermiddag på Fosshaugadn i dag. Opninga av Skraol Pub vart ein suksess, og på bana viste karadn at dei kan hevda seg mot god eliteseriemotstand.

Det var god stemning i Skraol Pub som opna 2 timar før kampstart. Mange tok turen innom det nye publokalet og fekk blant anna høyra Rasmus Mo, Tore André Flo og Erik Huseklepp dela nokre ord. Me håpar at denne samlingsstaden kan bli ein god plass å møtast både før og etter kvar heimekamp.

Ute på bana var det også mykje positiv å sjå. Me fekk ei god opning på kampen og skapte fleire store sjansar. Edmund Baidoo på høgrekanten fekk vise seg fram for Fosshaugadn-publikumet og skapte mykje uro i Brannforsvaret. Det var allikevel bortelaget som skulle ta føringa i kampen etter fleire gode moglegheiter. I det 37. minuttet rulla dei fint opp eit angrep på høgresida. Ei rask vending av spelet over til Joachim Soltvedt gjorde at venstrebacken fekk tid og rom til å banke ballen i mål.

Utlikninga skulle kome rett før pause. Edmund Baidoo drog seg effektivt inn i bana og fann Per-Egil Flo på motsett side. Venstrebacken sitt innlegg vart fyrst blokkert, men på forsøk nummer to fann han Martin Høyland som fekk lirka ballen forbi Eirik Holmen Johansen. 1-1 til pause i ein omgang der begge lag kunne scora fleire mål.

I andreomgang gira Brann opp eit hakk og dominerte store delar av banespelet. Den avgjerande scoringa kom rett etter kvilen frå danske Magnus Warming som på ei kontring fekk tuppa ballen i mål. Totaltsett eit fortent resultat, men karadn fekk vist at dei kan vera fullt på høgde med eit av eliteseriens beste lag.

No ventar Vålerenga i serieopninga på Intility. Bli med til Oslo og hjelp oss til å ta 3 poeng i den fyrste kampen av OBOS-ligaen 2024!

Billettar til kampen kan du kjøpe her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: