Kom på kamp!

Billettinfo til 16. mai, Sogndal - Hødd

Kjøp din kampbillett her

Etter tre heimekampar der me står med to sigrar og ein uavgjort gler me oss no veldig til å invitera til fotballfest på "dagen før dagen"!

Karane slo til med ein deilig siger mot Åsane i Bergen og kunne feira tre poeng i lag med publikum.


Det er alltid spesielt med kamp 16. mai. Over det ganske land får me sjå interessante oppgjer - i år blir det kamp mot våre vener frå Hødd.

Hødd har hatt ein bra sesongstart og ligg på kvalikplass på tabellen, med fire poeng mindre enn Sogndal, som går inn i runde 8 som serieleiar på den veldig jamne tabellen. Så langt står Hødd med to sigrar, fire uavgjort og eitt tap, og det må vera godkjent som nyopprykka lag. Me har møtt dei to gonger i treningskampar før sesongstart, det er to lag som kjenner kvarandre godt. 

Me har trua på på ein skikkeleg fotballfest på Fosshaugane 16. mai og håpar at du kjem!

Kjøp din kampbillett her

Annonse fra Obos-ligaen: