Treningskamp mot Raufoss på søndag kl. 14:00

Billettsalet opnar klokka 18:00 i dag – det er 600 billettar

På søndag 2/5 kl. 14:00 er det duka for ny treningskamp på Fosshaugane Campus!

Me tek i mot Raufoss når det er knappe to veker att til seriestart, og me vil få ein peikepinn på korleis laga ligg an før det heile brakar laust med kampen om poeng.

Me har 600 billettar til kampen - kjøp din billett her

Billettpris: 100,- (kun Fylkestribuna og Sognekraft Øvre).

Mobilt kiosksalg.

For å få arrangera treningskampar, har me ein streng smittevernsprotokoll. Det er viktig at dei med billett merkar seg dette:

  • Alle skal sitje på sete som samsvarer med det som står på billetten.
  • Billett kjøpt på felt U,V eller W går inn Port 5
  • Billett kjøpt på felt Y,Z eller Æ går inn Port 6
  • P.g.a smittevern mot spelartroppane skal INGEN sitje på Sognekraft Nedre.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: