-Komen godt inn i gjengen

Tord Salte er på lån frå Viking ut juli

Sogndal Fotball og Viking FK er samde om ein utlånsavtale for Tord Johnsen Salte (f. 8/2 1999).

Avtalen strekkjer seg til og med 31/7, og kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år. Les meir om dette her.

Då me fekk ein skade på Mathias Blårud, henta Eirik Bakke inn jærbuen, som er ein rutinert kar, sin unge alder til tross.





- Eg vart godt motteken av gjengen og er veldig klar til å bidra på bana, seier Salte.

Tord er frå Bryne, men har berre spelt nokre minutt  A-lagsfotball i heimbygda. Det var i ein cupkamp i 2015. Han reiste tidleg ut som eit talent til franske Lyon, og vart henta tilbake til Rogaland og Viking i 2018. 

Tida i Viking er over for denne gong, og det vart totalt 51 kampar for dei mørkeblå siddisane. I fjor var han på utlån til Sandnes Ulf, der han spelte 28 kampar.

Tord har gått gradene på det norske landslaget, der han har vore innom alle lag frå G15 og opp til U21. Han står med 47 kampar med flagget på brystet.

Me gler oss til å bli kjent med denne sympatiske karen frå Jæren.

Annonse fra Obos-ligaen: