Kraftfull avtale signert

Sogndal Fotball og Sognekraft held fram med det gode samarbeidet

Sogndal Fotball og Sognekraft-konsernet har i dag signert ny samarbeidsavtale gjeldande i første omgang ut sesongen 2024. Sognekraft er hovudsponsor og held fram som ein viktig bidragsytar til klubben.

- Sognekraft er ein av våre store samarbeidspartnarar. Bidrag frå viktige lokale aktørar er avgjerande for at me kan halda fram med den sportslege satsinga vår, seier marknadsansvarleg i Sogndal Fotball Terje Teigen.

Sognekraft er glade for å vera i ryggen på Sogndal Fotball og ser fram til eit godt samarbeid dei neste to åra.

- Me ønskjer alle engasjerte og Tore André Flo sitt mannskap lukke til i den komande sesongen, seier marknad- og berekraftansvarleg Miriam Høyheim Lægreid i Sognekraft. 

På biletet ser me frå venstre Terje Teigen, dagleg leiar i Sogndal Fotball Lars-Olav Hausberg, konsernsjef i Sognekraft AS Terje Bakke Nævdal og Miriam Høyheim Lægreid.

Saman set me krefter i sving. Stao no pao!! 

Annonse fra Obos-ligaen: