Kristoffer Haukås Steinset på utlån til Hødd

Sogndal Fotball og Hødd Fotball er samde om ein utlånsavtale for Kristoffer Haukås Steinset

Sogndal Fotball og Hødd Fotball er samde om ein utlånsavtale for Kristoffer Haukås Steinset, f. 15. september 2005. Avtalen strekkjer seg fram til 15. juli 2024, og går under nasjonal utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år.

Hødd spelar i PostNord-ligaen etter nedrykket frå OBOS-ligaen i fjor. Laget blir leia av hovudtrenar Marius Bøe som me kjenner godt frå tida hans i Sogndal. Hødd kjempar i toppen av avdelinga si, og skal spela om opprykk utover hausten.

- Me er sikre på at dette kan vera ei flott moglegheit for Kristoffer der han kjem til ein fin klubb med masse flotte folk og gode tradisjonar. Med dette utlånet håpar me at Kristoffer får mykje speletid og at han kan pushe si eiga utvikling, fortel Håvard Flo.

Kristoffer har allereie reist til Ulsteinvik og er speleklar for Hødd i deira neste kamp. Hødd skal spele 6 kampar i utlånsperioden, og Kristoffer håpar på eit godt utlån før uttaket til sommarens EM:

- Dette er ei fin moglegheit for å få meir speletid. Det blir kjekt å komme til ein klubb som har liknande verdiar som Sogndal. Eg håpar det kan bli ein liten kickstart for meg, og ei fin moglegheit for å få speletid før uttak til U19 EM.

Me ønskjer Kristoffer masse lukke til i Ulsteinvik, og gler oss til han kjem tilbake til Sogndal!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: