Kristoffer Hoven til Skeid

Kraftspissen har signert for Oslo-klubben

Sogndal Fotball og Skeid er samde om ein overgang for Kristoffer Hoven, og han har signert ein to-årig avtale med den tradisjonsrike klubben frå Nordre Åsen i hovudstaden.

Kristoffer var på utlån til Skeid i fjor haust, der han bidrog til at dei også i år skal spela i OBOS-ligaen.

- Etter ønskje frå Kristoffer, valde Sogndal Fotball å la han gå vidare til Skeid. Dette er ein fin moglegheit for karrieren hans vidare, seier Håvard Flo.

Kristoffer kom til Sogndal i 2019, og han spelte 84 kampar i Kvitedrakta. Han står med 34 mål for oss.

- Den kjekkaste tida her var då eg var i flytsona i 2020-sesongen, då vart det mål i nesten kvar kamp eg spelte på Fosshaugane, seier Kristoffer som sit att med gode minner frå tida i Sogndal.

Skåringsjubel med Kristoffer (Foto: Rune Sjøberg)
Skåringsjubel med Kristoffer (Foto: Rune Sjøberg)

- Det vart med tida mindre speletid for Kristoffer her i Sogndal, og då han hadde eit fint utlån i fjor, håpar me at han kan fortsetja med å bidra positivt i Skeid. Han er ein kjekke gut me ønskjer alt godt, seier Flo.

Det vart åtte kampar og fire skåringar for Kristoffer under utlånet.

- Eg er veldig nøgd med at dette gjekk i orden no. Eg hadde ein veldig fin tid i Skeid i fjor, og gler meg til å treffa gjengen att, seier Kristoffer.

- Takk for meg! Det har vore ei fin tid her i Sogndal, og eg ønskjer klubben lukke til vidare, avsluttar Kristoffer.

Me takkar Kristoffer for ei fin tid i lag. Stao pao i Oslo!

 

Annonse fra Obos-ligaen: