Kristoffer kjem heim til Sogn

Vikjen har signert for tre år i Kvitedrakta

Sogndal Fotball og Åsane Fotball er samde om ein overgang for Kristoffer Valsvik (f. 10. august 1995).

Sogndal Fotball og Kristoffer Valsvik er samde om ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2023. Kristoffer kjem til Sogndal i helga, og vil ha si første trening med gjengen på måndag. 

Me kjem med eit intervju med Kristoffer i neste veke, her er kva trenar Eirik Bakke har å seie om vikjen.


Det vert eit gjensyn med Kristoffer i Kvitedrakta. Vetlebroren til Gustav var her i 2013 som Sogndal 2-spelar og spelte åtte kampar under Marius Bøe, som var trenar for våre nest beste på den tida.

Ferden gjekk deretter vidare ut mot kysten. I 2014 var han Florø-spelar, før han i 2015 gjorde bergensar av seg. I byen var han innom klubbane Krohnsminde, Varegg og ikkje minst Fyllingsdalen. I 2018 var Kristoffer sterkt delaktig då me vart sendt på hovudet ut av cupen på Varden Amfi, heimelaget vann 2-1.

Dei to siste sesongane har han spelt for Åsane, og i fjor var Kristoffer ein nøkkelspelar på laget som spelte seg fram til kvalifiseringsspel til Eliteserien. Både han og Åsane gjorde ein fantastisk sesong.

- Det er veldig kjekt at Kristoffer kjem tilbake til oss no, seier Håvard Flo.

- Dette er ein lokal gut som me kjenner godt frå før, og me veit kva han står for. Kristoffer har hatt ein veldig fin utvikling i Bergen, og han var ein solid profil i fjorårets OBOS-liga. Me ser fram til at han tek nye steg her hjå oss.

Vikjen er kjent for sine presise pasningar og gode dødballar, i tillegg til at han er ein vinnarskalle som hatar å tape.

- Kristoffer vil passa veldig godt inn i gruppa vår med sin erfaring og mentalitet. Han har ein veldig god fot og overblikk, og me gler oss til å sjå han i kvitedrakta att, avsluttar Flo

Me kjem med meir om Kristoffer når han er vel plassert i Saftbygda.

Velkomen til Sogndal, Kristoffer!

Annonse fra Obos-ligaen: