
Kristoffer klar for Skeid
Spissen går på utlån ut året
Sogndal Fotball og Skeid er samde om ein utlånsavtale for Kristoffer Hoven. Avtalen går ut året 2022.
- Det har vore lite speletid for Kristoffer denne sesongen, så når denne moglegheiten kom var Kristoffer veldig klar for å spela resten av året i Skeid, seier Håvard Flo.
Osloklubben ligg utsatt til på tabellen, for tida innehar dei kvalikplassen, eitt poeng foran Stjørdals-Blink. Me går mot ein spennande innspurt og då vil dei ha god bruk for kraftkaren frå Konnerud.
- Dette er ein fin moglegheit for Kristoffer til å få speletid i viktige kampar framover. Me ønskjer han lukke til, avsluttar Håvar Flo.