Kristoffer Nessø har signert

Ny midtbanespelar klar

Kristoffer Nessø (f. 6. juli 1993) og Sogndal Fotball har skrive ein tre-årig avtale. Nessø kjem gratis frå Raufoss, der kontrakten hans går ut ved årsskiftet.

– Me har sikra oss den beste kantspelaren i Obosligaen. Me har følgt med på han i heile år, og han var ekstremt god i begge kampane mot oss, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke til Sogn Avis

Nessø har gått gradene i fleire klubbar i nord, slik som barndomsklubben Svolvær, Finnsnes , Vesterålen, Tromsdalen og Lofoten. Han gjekk til Raufoss frå Narvik-klubben Mjølner etter 2018-sesongen. I den gule trøya spelte han 56 kampar og skåra 11 mål. 

– Han har mykje mål og målgjevande i seg. Og så er han ikkje dyr. Han kjem gratis som bosman-spelar. Det gjer han sjølv om det var fleire andre interesserte som nok var villige til å betale meir enn oss, seier Håvard Flo til Sogn Avis.

– For meg er Sogndal eit steg opp på alle område, og så har eg veldig tru på prosjektet til Eirik Bakke og måten laget spelar fotball på, seier Nessø til avisa.

Les også om overgangen på Eurosport

Me vil koma med nærare presentasjon av vår nye spelar når han kjem til oss til sesongoppkøyringa.

Velkomen til Sogndal, Kristoffer!

Annonse fra Obos-ligaen: