Kristoffer Valsvik blir hovudtrenar for Sogndal 2!
Kristoffer Valsvik skal leie Sogndal 2 i 2026! Sogndal 2
Sogndal 2 leverte ein flott sesong i Kretsligaen i år, og Krossen & co sikra opprykk til 3. divisjon. Etter sesongen vart det klart at Nils Tore ønskjer å gi seg som trenar, og no er altså erstattaren klar. Kristoffer Valsvik tek steget frå å vere assistent til å skulle leie våre nest beste gjennom 3. divisjon 2026.
Kristoffer Valsvik kjem frå Vik i Sogn, og dei fleste hugsar han nok som spelar både for Sogndal, men også andre norske klubbar. Etter fleire sesongar i Bergensfotballen gjekk han til Åsane, og det var der han fekk ut sitt beste nivå. I 2019 var han med på opprykk til OBOS-ligaen, og i 2020 var han ein del av eit imponerande Åsane som spelte seg til 5. plass og opprykkskvalifisering. Året etter vart han Sogndalspelar, og seinare har han også spelt for Start i OBOS-ligaen. Sist me såg han på fotballbana var for Årdal i 2024, og no har han altså lagt fotballskoa på hylla for å bli trenar. I årets sesong har han vore assistenttrenar under Nils Tore Krosshaug, og no er han klar for å overta ansvaret som hovudtrenar.
- Dette blir jo min fyrste jobb som hovudtrenar, og eg har vore under opplæring av Nils Tore i eit år no. Eg har lært veldig mykje av han som assistent, og han har lagt gode premiss for meg og kva jobben går ut på. Det blir sjølvsagt noko heilt nytt, men eg trur at med min bakgrunn som spelar, og med god støtte frå organisasjonen, vil dette gå fint. Nils Tore har laga ei god gruppe som ønskjer å utvikle seg, og her ligg det eit godt grunnlag for vidare utvikling, fortel han.
Kristoffer har vore med som assistent for å lære, men han har også byrja på utdanningsstigen til NFF og tatt UEFA B-lisens det siste året. Kombinasjonen av erfaringa til Krossen og ny fotballfagleg kunnskap har gitt eit lærerikt år:
- Nils Tore er ein mann med lang erfaring, og han er verkeleg ein dyktig fotballfagleg trenar. Han er både flink på treningsfeltet og med folk. Han har lært meg mykje, og eg har fått meir og meir ansvar gjennom sesongen. Det har utvikla meg både som trenar og person, og eg vil takke han for måten han har hjulpe meg. I vår byrja eg på UEFA B-utdanninga, og har delteke på samlingar i Oslo saman med trenarar frå heile landet. Det har vore mykje å lære både frå dyktige rettleiarar og andre trenarar med meir erfaring. Eg har erfaring frå korleis det er å vere spelar, men trenaryrket krev at ein lærer mykje nytt.
Det er ei stor oppgåve å skulle overta etter Nils Tore, og målsetjinga frå klubben er klar: Å overleve i 3. divisjon. Det blir ikkje ei enkel oppgåve, men Kristoffer er klar på at det er målsetninga:
- Sogndal 2 er eit lag som har vore mykje opp og ned, og det er vanskeleg å stabilisere seg i 3. divisjon. Det er eit stort steg opp frå 4. divisjon til 3. divisjon, og eit endå større steg opp til OBOS-ligaen. Då er det viktig å halde seg i divisjonen slik at spelarane i klubben får ein god nok kampkvardag. Ein treng å teste seg på høgast mogleg nivå for å utvikle seg, og Sogndal 2 skal vere ein utviklingsarena for spelarane våre. Me skal prøve å finne ein god balansegang mellom utvikling og resultat.
Når ein ny trenar kjem inn er det sjølvsagt spennande å sjå kva som kjenneteiknar spelestilen, og korleis Sogndal 2 vil framstå i neste sesong. Valsvik fortel at det handlar om å bygge vidare på årets sesong, og at ein følgjer klubben sin modell:
- Eg kjem til å vidareføre det arbeidet me har byrja på med Krossen. Det er ein spelestil som skal minne om korleis A-laget spelar og korleis me ønskjer å utvikle spelarar. Me følgjer ein modell som er satt av klubb, og så vil eg kunne bidra med min erfaring til å hjelpe spelarane med detaljar i spelet for å løfte oss endå eit hakk.
Utviklingsansvarleg Anders Stadheim fortel at Valsvik har vore ein naturleg kandidat, og at det er mange faktorar som gjer han til eit godt val:
- Me har diskutert Kristoffer som eit alternativ etter at Nils Tore ønskte å gi seg. I løpet av det siste året har han vore assistent, noko som har gitt oss moglegheit til å bli betre kjent med han og me har fått følgje han eit år som trenar. Me har fått sett han på treningsfeltet, og har ein ganske god formening om korleis han vil vere som hovudtrenar, og me likar det me har sett. Me likar tilstedeværelsen, energien og måten han ter seg på når han skal rettleie. Balansen mellom det å vere nok på, og å kunne trekke seg tilbake og la spelarane få utfolde seg er vanskeleg å meistre, men Kristoffer løyser dette godt.
- Me ønskjer sjølvsagt å utvikle lokale spelarar gjennom utviklingsavdelinga, og me vil også leggje til rette for å utvikle lokale trenarar. Det er viktig å la dei få kjenne på nivået slik at dei kan ta nye steg i vår klubb. Det ser me på som utelukkande positivt. Personen han er, erfaringa han har, måten han er på og potensialet som trenar gjer at dette kjennest veldig bra ut for oss. Han har også ein spennande alder som gjer at han har fått litt erfaring, men framleis er ein ung og lærevillig trenar. Me har stor tru på Kristoffer, og så blir det ein utfordrande sesong for både han og laget til neste år, men det skal me løyse på ein god måte, avsluttar Stadheim.
Det gjenstår endå nokre detaljar rundt støtteapparatet, og ikkje alle brikkene er på plass før neste år, men Valsvik vil få med seg eit godt samansatt apparat. Me kjem tilbake med meir detaljar rundt dette når det nærmar seg ny sesong!
STAO NO PAO!