Kupen har forlengja avtalen

Endre Kupen blir med vidare, i første omgang ut året

Sogndal Fotball og Endre Kupen er einige om ei forlenging av avtalen, han blir med oss ut sesongen 2023.

- Etter samtalar med Endre har me i lag beslutta å forlengje opprinneleg kontrakt med utløp første juli til å vara ut denne sesongen. Dette er noko alle partar er veldig glade for, seier Håvard Flo.

- Eg har funne mi rolle her, og ser fram til å vera ein del av gjengen ut året. Så skal me i løpet av seinsomaren og hausten sjå på løpet vidare, seier alltid smilande Kupen.

- Eg er kjempemotivert for å bidra for gruppa, laget og klubben, seier Kupen.

- Endre er ein veldig viktig brikke hjå oss, både som spelar og som mentor for mange av karane i garderoben, seier Flo.



Trenar Tore André Flo ser på Endre som ein viktig mann i årets lag.

- Dette kombinert med hans smittande humør og stå-på-vilje er det viktig at me får behalde hans røyst i gjengen ut sesongen no i første omgang, seier Flo, som har latt seg imponera av karen frå Selje.

- Eg må berømma Endre for hans lojalitet og profesjonalitet der han gjerne skulle ønskje seg meir speletid, og likevel er ein som strør rundt seg med humør, smittande energi god råd og eit stort smil. Me er heldige som har han her hjå oss, avsluttar Håvard Flo.

Alltid smil og latter rundt den fotrappe karen frå Selje!
Alltid smil og latter rundt den fotrappe karen frå Selje!

 

Annonse fra Obos-ligaen: