Kvalik neste
Sogndal spelte ein god kamp mot Hødd, men klarte ikkje å omsetje ballinnehavet og sjansane til mål. Dermed ventar kvalifisering for å sikre plassen i OBOS-ligaen i 2027. A-laget
Det enda 0–0 mot Hødd på Fosshaugane framfor heile 3491 tilskodarar. Tusen takk til alle som møtte opp og støtta laget!
Lenge såg det ut til at eitt poeng skulle vere nok til å berge plassen, men i det 90. minutt gjekk Moss opp til 2–1 og passerte Sogndal på tabellen. Samtidig vann Sandnes Ulf sin kamp mot Åsane.
Dermed ventar kvalifisering mot anten Bjarg eller Kjelsås.
Det var ein openbert skuffa gjeng med spelarar som gjekk i garderoben etter kampen. Der var hovudtrenar Eirik Bakke tydeleg på kva som no ventar.
– Me gjer ein bra kamp. Me er solide bakover, og me skapar sjansar. Nokre dagar er fotballen slik som dette. Me klarte ikkje å avgjere i dag, men no har me fått ein moglegheit til. Den skal me ta. Det laget me møter, skal me springe i senk og vise at det er forskjell på divisjonane, sa Bakke til spelarane.
Sogndal opna litt avventande, men tok gradvis meir kontroll over kampen.
Midtvegs i første omgang sette Mathias Øren ballen i mål etter eit hjørnespark, men dommaren blåste for frispark og annullerte skåringa.
Gjennom kampen skapte Sogndal fleire gode moglegheiter. Totalt hadde laget 20 skot, men ingen av dei enda i mål.
Kvalifiseringskampane vert spelte 21. og 28. november. Me spelar heime 21. november og må mobilisere på nytt til den kampen!
STAO NO PAO!