Kven får tribuneplass på første heimekamp?

Sjå info her

Kjære fotballvener!

No er det litt over to veker til me stiller oss på midtstreken i Åsane Idrettspark. Første runde av 30 vert sparka i gang. Dette gler me oss veldig til!

Sist fredag opna regjeringa opp for at me kan sleppa inn 200 tilskodarar på kampane våre. Det tyder at me er på veg til ei normalisering. Det kjem stadig nye protokollar for korleis me skal avvikle trening og kamp.

Når me får lov å sleppa inn 200 gjester, so dukkar sjølvsagt spørsmålet opp: Kven skal dei 200 vera?

Det er ikkje lett å velgja. Difor har me bestemt fylgjande:
Me trekkjer ut 100 billettar kjøpt av våre samarbeidspartnarar og 100 billettar til dei som har private kjøp av sesongkort. Dei uttrekte vil få melding frå oss på sms/mail. Hvis ein skal være med i trekning til første kamp, må sesongkort vera registrert innan 1. juli.

Kjøp sesongkort her

Vidare vil dei som får billett til kamp 1, utgå til kamp 2. Slik vil me halde fram til me er komne «rundt». Alle som kjem til kamp vil verta registrert med namn. Dette avdi helsemyndigheitene skal kunne spore evt smitte.

Me håpar på vegne av fotballen at talet på gjester vil auka utover sesongen og at me har funne ein rettferdig måte å fordela tilgjengelegheiten på billettar.

Me gler oss enormt til sesongen startar. Heia Sogndal😊

Annonse fra Obos-ligaen: