Laget mot Bryne

Her er dei elleve som startar dagens kamp

Me er klare for den 24. runden av OBOS-ligaen 2022.

Karane har reist til Jæren og gjer seg klare til kamp mot Bryne. Avspark på Bryne Stadion er klokka 15:00.

Domar i dagens kamp er Mischa Huru Kellerhals  og på Yr kan ein sjå at det er flott vêr og rundt 18 grader.

I dag har me ein ung kar som sisteskanse, då Renze Fij er ute med skade. Me startar med dette laget: 
Daniel Gjerde Sætren, Hördur Ingi Gunnarsson, Philip Slørdahl, Andreas van der Spa, Per-Egil Flo, Andreas Hoven, Jónatan Jónsson, Valdimar Ingimundarson, Isaac Twum, Ulrik Mathisen, Alejandro Diaz Liceaga.

Benken: Jørgen Johnsen, Erik Emanuel Longe Grønner, Eirik Lereng, Endre Kupen, Kristoffer Steinset, Erik Flataker.


Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: