Laget mot Fredrikstad

Her er dei elleve som startar dagens kamp

Då er me klare til den tredje runden av årets OBOS-liga, og i dag har me besøk av sjølvaste Fredrikstad på Fosshaugane Campus.

I dag har me ein gamal ringrev som gjer comeback i Kvitedrakta! Per-Egil Flo har vore ute og gjort seg erfaringar som vil betyr veldig mykje for den unge gjengen vår, og no er endeleg vår gamle kaptein klar til kamp her på Fosshaugane. Per- Egil er dagens kaptein. Kristoffer Valsvik er klar etter skade, og får debut frå start, noko han har jobba lenge for. Me ønskjer begge lukke til!

I dag er det flott her i Saftbygda, med temperatur som er på veg oppover. Alt ligg til rette for ein flotte kveld!

I dag startar me med desse elleve karane:
Morice Mbaye – Axel Kryger, Eirik Lereng, Martin Ove Roseth – Daniel Eid, Kristoffer Valsvik, Mathias Blårud, Per-Egil Flo – Kristoffer Nessø, Kristoffer Hoven, Andreas Hoven

På benken har me:
Renze Fij, Akor, Tobias Bjørnebye, Noah Solskjær, Johan Johannessen Bakke, Adrian Solberg, Endre Kupen, Iver Skorve og Peter Godly Michael.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: