Laget mot HamKam

Her er dei elleve som startar dagens generalprøve!

Me er klare til vår siste treningskamp før seriespelet tek til, i dag har me HamKam på besøk!

Det har vore flott sol i morgontimane i den vakre bygda vår i dag, men no ser det ut til å bli litt meir overskya. Kampstart er klokka 14:00

I dag startar me med desse elleve karane:
Morice Mbaye – Axel Kryger, Mansour Gueye, Martin Ove Roseth – Daniel Eid, Mathias Blårud, Johan Johannessen Bakke, Andreas Hoven – Anders Johannessen Nord, Kristoffer Hoven, Kristoffer Nessø

På benken har me:
Geir Stenehjem, Endre Kupen, Tobias Bjørnebye, Adrian Solberg, Mathias Sundberg, Noah Solskjær, Filip Mardal, Iver Skorve, Vegard Halset, Erik Flataker, Henrik Sperrevik

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: